Aukra kommune Julsundet skole

Vikarar og midlertidige lærarstillingar til Julsundet skole

Lærarvikarar -2 midlertidige og 2 vikarstillingar for skoleåret 2025/26

Vi har ledig to lærarvikariat ved Julsundet skole frå 1.8.2025 og ut skoleåret 2025 -2026.  I tillegg skal vi tilsette 2 vikarlærarar i midlertidige stillingar, som vil bli sett inn der det til einkvar tid er behov. Det kan og bli mogleg med fast stilling som vikarlærar

Vi ønskjer at du har eitt eller fleire av faga naturfag, spesialpedagogikk, norsk og matematikk. Det er ein fordel om du kan undervise i fleire ulike fag. Vi oppmodar både lærarar og spesialpedagogar til å søke på stillingane.

Skolen satsar på å ha eit sterkt lag rundt eleven. Vi har tro på utvikling gjennom samhandling der alle yrkesgruppene deltek med sin kompetanse.

Aukra kommune har fokus på tilknytingspsykologi, og alle tilsette som jobbar med barn og unge blir kursa i COS P.


Nokre av oppgåvene i ei lærarstilling ved Julsundet skole
• Planlegge og gjennomføre god, variert og tilpassa undervisning
• Analysere og følge opp elevane si læring og utvikling
• Skape eit trygt og godt læringsmiljø
• Bidra til eit godt skole- heimsamarbeid
• Delta aktivt i skolen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap

Kvalifikasjonar
Formelle krav til kompetanse i undervisningsstillingar er å finne i forskrift til Opplæringslova. Elles legg vi vekt på kvalifikasjonar som

• undervisningskompetanse i naturfag, matte og norsk
• utdanning og erfaring innan spesialpedagogikk
• digital kompetanse
• tidlegare resultatoppnåing

Personlege eigenskapar
• Du har eit positivt elevsyn, og har evne til å skape gode relasjonar med elevar og føresette
• Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar
• Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane
• Du er systematisk og strukturert
• Du har høge ambisjonar for kvar elev
• Du er positiv, fleksibel, samarbeidsvillig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss

Vi tilbyr
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
• Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
• Ei støttande leiing
• Eit godt arbeidsmiljø med samarbeidande og entusiastiske kollegaar
• Rettleiing og oppfølging av nyutdanna nytilsette

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring i offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Prøvetid
Gjensidig prøvetid på 6 månader

Politiattest
Dei som blir tilsett må kunne legge fram godkjent politiattest

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber derfor oma t du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "send søknad". 

Del på:

Referansenummer:

25/632

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Julsundet skole

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skolebakken 7 6409 Molde

Kart: