Aukra kommune

Pleie og omsorg i Aukra treng medarbeidarar

Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar

Vi ønskjer nye medarbeidarar med på laget! Er du på jakt etter ein spennande arbeidskvardag med stor fleksibilitet i turnus? Då kan dette vere jobben for deg, og vi ønskjer fleire med i teamet! Vi har jamleg både faste stillingar og vikariat ledig.

Vi kan tilby fleksible turnusordningar med vanleg vaktlengde, langvakter/døgnvakter og nattevakter.

Vi tar no imot åpne søknader!

Om Aukra
Aukra kommune har ca 3600 innbyggarar fordelt mellom øya Gossen og fastlandet Julsundet. Kommunen ligg i naturskjønne omgivnader i havgapet, og det er ca 25 minutt til næraste by, som er Molde. Kulturlivet i regionen er variert, og det er moglegheit for variert friluftsliv. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar, omsorgssenter og kulturhus med svømmebasseng, kafe og kino. Andre fritidstilbod som finst er treningssenter, motorsport klubb, kulturskuletilbod, idrettslag, naturstiar og moglegheit for jakt/fiske.

Om stillingane
Vernepleiar
Som vernepleiar vil du vere med på å utforme og legge til rette kvardagen til dei som mottek teneste både når det gjeld kvardagslege gjeremål, aktivitet, arbeid og fritid. Vi søkjer deg som har utdanning som vernepleiar eller tilsvarande helse- og sosialfagleg høgskoleutdanning. Om ein ikkje får tilstrekkeleg med kvalifiserte søkjarar kan helsefagarbeidarar bli vurdert for stillingane. Det er ein fordel om du har kjennskap og erfaring med arbeid med tanke på kap. 9 Helse- og omsorgstenesteloven. Ein anna viktig del av arbeidet er å skape trivsel og meistring gjennom aktivitet og arbeid.


Sjukepleiar
Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med stort fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar vi ein legevaktssatellitt. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av satellitten. Vi har eit tett samarbeid med heimesjukepleie når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingar ved behov.
Vi tilbyr alternative turnusordningar med langvakter for den som måtte ønskje det. Eit eksempel på ei slik ordning kan vere at du arbeider lengre vakter over ei periode, får å kunne opparbeide deg lengre samanhengande friperiodar.

Helsefagarbeidar
Om du har fagbrev som helsefagarbeidar og er motivert til å vere leverandør av gode tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig og løysningsorientert. Har du interesse for teknologi vil det vere ein fordel, då vi nyttar velferdsteknologi meir og meir.

Krav til søkjarar
Sjukepleiar, vernepleiar eller anna helse - og sosialfagleg høgskoleutdanning.
Helsefagarbeidar kan og vere aktuelt

Vi ønsker at du har:
• Godkjent autorisasjon
• Interesse for målretta miljøarbeid
• Ser nytte av teknologi i omsorgsarbeidet
• Personleg eigna for stillinga med vekt på samhandling og fleksibilitet
• Digital kompetanse
• Godt munnleg og skriftleg språk (beherskar nynorsk)
• Førarkort klasse B

I tillegg ønsker vi at du har:
• God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon
• Du må beherske norsk, både munnleg og skriftleg
• Du har god evne til å rettleie brukarar, tilsette og studentar
• Du ser nytten av velferdsteknologi i omsorgsarbeid
• 

Vi tilbyr
• Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
• Løn etter tariff
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gunstige turnusordningar 
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
• Kompetanseheviing
• Tilbod om deltaking på kurs
• Tilgang på e-læringskurs
• Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør jfr. kompetanseplan

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Send søknad!
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling". Vi gler oss til å sjå din søknad!

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med Nina Kristin Tomren, tlf. 90602621

Rekrutteringsfilm frå Aukra kommune:

https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 

Del på:

Referansenummer:

24/142

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.12.24

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Omsorgstenester Aukra kommune

Adresse:

Falkhytten 6480 Aukra

Kart: