Aukra kommune Tekniske tjenester

Fagarbeidar veg og grøntområde

Fagarbeidar

Fagarbeidar veg og grøntområde
Ved eining for tekniske tenester er det i dag ledig 100% stilling som fagarbeidar.
Vi søkjer ein dedikert medarbeidar til vedlikehaldsoppgåver innan veg og kommunale uteområde. Den ideelle kandidaten vil vere oppteken av å ta vare på og betre våre offentlege områder som parkar, torg, hagar og vegar.

Hovudoppgåver:
• Vedlikehald og inspeksjon av kommunale veggrøfter, stikkrenner, rister og vasspostar langs vegane for å sikre funksjonalitet og tryggleik.
• Utføre regelmessig vedlikehald på kommunale vegar og parkeringsplassar. Merking, skilting og generelt vedlikehald av vegbane.
• Utføre vegetasjonsrydding langs kommunale vegar
• Drift og vedlikehald av kommunale grøntareal og parkar ved skoler, barnehagar og kommunale formålsbygg
• Ved behov, bidra til vedlikehald av vatn- og avløpssystem (VA).
• Delta i vintervedlikehald på kommunens brøyterode og kommunens beredskap på vinterdrift. Dette blir avtalt på førehand med eit tillegg i løn.

Dersom du har erfaring innanfor desse områda og ønskjer å bidra til eit triveleg og sikkert lokalsamfunn, oppmodar vi deg til å søkje på denne spennande stillinga hos oss.

Ønska kvalifikasjonar
Fagbrev eller anna teoretisk/praktisk bakgrunn frå fagområda
Du må vere ansvarsbevisst og løysningsorientert.
Evne til å arbeide godt i team, men også sjølvstendig.
Må beherske norsk, skriftleg og munnleg
Krav om førarkort for bil. Førarkort for andre klassar er og positivt.

Vi tilbyr
Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter avtale
Fleksibel arbeidstid med kjernetid/fleksibel tid,
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
Kommunen har fond til etter- og vidareutdanning
Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Kommunen har nynorsk som målform.
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Søknadsfrist er 29.april
Kontaktperson: Driftsingeniør Sondre Kårstein tlf. 48137204 eller formann Geir Varhaugvik tlf: 46826853.

Del på:

Referansenummer:

24/735

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.04.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Aukra kommune

Adresse:

Nyjordvegen 12 6480 Aukra

Kart: