Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole

Fast stilling barne- og ungdomsarbeidar

Barne- og ungdomsarbeidar

Barne- og ungdomsarbeidar
Gossen barne- og ungdomsskole søker fast barne- og ungdomsarbeidar i skole og SFO. 

Arbeidsoppgåver

Følgje opp minoritetsspråklege elevar med behov for fagleg, emosjonell og sosial støtte gjennom skole- og SFO-kvardagen.
Høyre til i laget rundt eleven og samarbeide om ei heilskapleg opplæring.
Samarbeide tett med pedagog om tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa.
Hjelpe minoritetsspråklege elevar slik at dei opplever å bli inkludert og høyre til

Krav til søkar

God på relasjonar og samhandling.
Strukturert og har ei positiv haldning.
Har endringskompetanse.
Er utviklingsorientert og løysingsorientert.
Kan bruke læringsbrett (Ipad) som arbeidsreiskap og har god datakunnskap.
Kan bruke nynorsk som målform.
Kan kommunisere, samarbeide og vere fleksibel.

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff.
Flyttegodtgjersle
Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.

Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar.
Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykolog fokus på tilknytingspsykologi.
Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest.


Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.


Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.


Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

 

Kontaktperson for stillinga: Heidi Falkhytten tlf. 995 32 262

Del på:

Referansenummer:

24/779

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Arbeidsstad:

Gossen Barne- og ungdomsskole

Kontaktpersonar:

Adresse:

Nyjordvegen 25 6480 Aukra

Kart: