Aukra kommune Helse

Vikariat fastlege

Fastlege

Vikar for fastlege i 60% stilling

Frå 01.07.24 blir det ledig vikariat for fastlege i 60% stilling til 30.04.25. Vi søker etter ALIS-lege eller spesialist i allmennmedisin.

Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar, to ALIS og ein spesialist i allmennmedisin. Det er 1 LIS1 ved kontoret og dessutan 3,8 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Kontoret betener ca. 2600 fastlegepasientar.

I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skolehelseteneste, tilsyn med heimebasert omsorg og sjukeheim med palliativt rom. Klinikken er svært godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, EKG, 24 t EKG, 24 t BT apparat, spirometer, *tympanometer, audiometer, ultralydapparat, *ano/*rektoskop, velutrusta skiftestove, laboratorium med god kvalitetskontroll, vaksinasjonsklinikk og eiga smittesluse. Journalsystemet som blir brukt er Hove Total /Patientsky. Helseplattforma blir innført frå årsskiftet 2024/25.

 Aukra kommune er ein del av Molde interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Aukra kommune på kvardagar kl.08.00 - 16.00

 

Arbeidsoppgåver:

• Kurativ verksemd

• Daglegevakt

• Deltaking i interkommunal legevakt

• Kommunale oppgåver

- Helsestasjon

- Skolehelseteneste

- Tilsyn med heimebasert omsorg og institusjon

 

Ønska kvalifikasjonar:

Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon. Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS, evt. lege i spesialisering . Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.

• Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner

• Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid. Vi legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.

• God erfaring med digitale verktøy

• Søkar må ha førarkort klasse B

 

Vi ønskjer at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida i team, er interessert i utvikling på fagområdet, er relasjonsorientert og endringsvillig.

 

 Vi tilbyr:

• Vikariat med lønn etter avtale

• Godkjent utdanningsinstitusjon for LIS1, ALIS og godkjent rettleiar

• Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø

• Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

• Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter

• Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP

• Gruppe- og ulykkesforsikring

 

Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen.

 

Særskilde krav:

Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding

 

Søkarliste:

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønskte om reservasjon ikkje blir teken til følge

Søknad sendast: Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Me ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad».

Del på:

Referansenummer:

24/836

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.05.2024

Tiltreding:

01.07.24

Arbeidsstad:

Aukra kommune

Adresse:

Aukraringen 17 6480 Aukra

Kart: