Aukra kommune Aukra kommune

SOMMARJOBB FOR 10. -KLASSINGAR I AUKRA KOMMUNE

Sommarjobb for ungdom

Vil du jobbe i Aukra kommune i sommar?
Vi har ledige sommarjobbar for deg som er busett i Aukra kommune og no går i 10. klasse.
Ein kan få sommarjobb i to samanhengande veker i løpet av sommaren, og du kan ønske deg arbeid i ei av desse einingane:

Julsundet skole (SFO)
Bergetippen barnehage
Gossen Barne- og ungdomsskole (SFO)
Barnebo barnehage
Tekniske tenester -plenklipping, vedlikehald
Kulturavdelinga -sommarkafe

I samarbeid med næringslivet i Aukra, er det og ein tilgjengeleg jobb for 10. -klassing på Tess i veke 26-27. Denne kan du og krysse av for på søknadsskjemaet om du er interessert, og så vil vi formidle kontaktopplysningane dine til Tess.


Du vel eining når du er inne i søknadsskjemaet, og du må sette opp 3 ønske. Du vel og kva periode du ønsker å jobbe inne i søknadsskjemaet (2-vekers periode). Ein kan velje mellom veke 26-27 eller veke 31-32. 
Vi ønsker at du skriv ein liten tekst og grunngir kva for eining du ønsker å jobbe i, og kvifor du tenker at du er rette person til å jobbe der (søknadstekst).
For deg som skal jobbe med barn er det krav til politiattest. Dette vil vi innhente i samråd med dine føresette hvis det blir aktuelt.

Søknad sendast:
Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Me ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad».
Søknadsfristen er sett til 30. mai 2024.
Nedanfor får du litt meir informasjon om kva den enkelte eining kan tilby av arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar du bør ha:

JULSUNDET SFO
skal vere ein trygg og triveleg stad å vere for alle barna.
Dei tilsette skal gje barna omsorg og tilsyn. Det er viktig at barna føler seg trygge, trivast, og at dei får halde på med ting dei likar. Nokre av aktivitetane vert organiserte, men mest legg vi til rette for fri leik. Tryggleik og trivsel for barna det viktigaste!
Arbeidsoppgåver:
· Vere trygg og omsorgsfull person for barna
· Rettleie barna i leik og samspel
· Organisere leiker og aktivitetar
· Delta i planlegging og organisering av korte turar i nærmiljøet
· Diverse oppgåver knytt til dagleg drift som måltid og opprydding
Kvalifikasjonar:
· Du må like å ta ansvar
· Trivs godt i lag med barn
· Like å vere ute
· Ønskje om ein aktiv arbeidsdag
· Godt humør
· Vere ein god rollemodell for barna


Til sommarjobb på SFO ved GOSSEN BARNE- OG UNGDOMSSKOLE ønskjer vi deg som likar å jobbe med barn i alderen 6-10 år.
I tillegg til nokre faste rutinar, har vi eit variert program for sommaren. Vi ønskjer derfor deg som likar å delta på forskjellige aktivitetar og å vere ute.
Vi held ope heile sommaren, men tilbyr jobb for ungdom i veke 26-27 eller 31-32.

Kva kan du forvente ifrå SFO som arbeidsplass:
- Fantastiske barn og gode kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på inkludering
- Opplæring
- Variert arbeidskvardag med ulike aktivitetar
- Fagleg og personleg utvikling

Kva vi forventar av deg:
- Eit ønske om å bidra til å gjere SFO dagen god for barna
- Positiv, godt humør og glad i leik
- Lærevillig
- Presis
- Lojal
- Ansvarsbevisst

Vi håper du ønsker å søke hos oss og vi gleder oss til ein fin sommar i lag!



BERGETIPPEN BARNEHAGE
har fem avdelingar og ei utegruppe, der
-tre avdelingar er for barn frå 0-3 år,
-to avdelingar er for barn frå 2-4 år og
-utegruppa er for barna som skal starte på skolen
Barnehagen ligg i eit flott område i Julsundet. Vi har fått namnet vårt etter Bergetippenfjellet som ligg rett bak barnehagen. Ein viktig del av det pedagogiske arbeidet er basert på aktivt friluftsliv. Vi er mykje ute og vi brukar ofte det flotte nærområdet. Det er kort veg til sjøen, Nøtteskogen, Astridhaugen, Bergetippenfjellet og ikkje minst Hollingsetra. Innanfor gjerdet vårt har vi eit veldig variert leikeområde, der øvste del er eit fantastisk område med skog og berg. Elles har vi fleire sandkasser, disser, ferje og andre leikeapparat.
I Bergetippen barnehage vil vi at alle barna våre skal verte møtt som eit unikt menneske med eigne meiningar. Kvart barn har krav på respekt og likeverd. Barnet sjølv er aktivt med og skapar. På den måten er barnet med og skaper læring og utvikling for seg sjølv og andre. Korleis barnet opplever møte med andre, vil verke inn på barnet sitt syn på seg sjølv. Vi vaksne møter barnet på ein måte som formidlar respekt og tillit. Vi vil skape miljø som tek vare på forskartrongen og nysgjerrigheita til barnet. Vi vaksne er «forskarassistentar». I arbeidet med å skape gode relasjonar til kvart enkelt barn, brukar vi "Tryggleikssirkelen" (COS - Circle of Security) som utgangspunkt. "Tryggleikssirkelen" synleggjer to grunnleggjande behov hos barnet: behovet for tilknyting og behovet for utforsking.
Velkommen til oss!


BARNEBO
Ungdommen får følge arbeidet på avdeling i barnehagen med barn, enten 1-3 år eller 3-5 år.
Sammen med dei øvrige tilsette får dei erfaring med arbeid i barnehage; rutiner, allsidig aktivitet og leik saman med barna og bli kjent med dagsrytmen i barnehagen. Dei vil også, som er det viktigaste, få erfaring med kor viktig det er å opprette ein god relasjon til kvart enkelt barn. At barn er trygge på dei vaksne er utgangspunkt for all aktivitet, leik og læring.



TEKNISKE TENESTER
Eininga tekniske tenester (TET) består av driftsavdeling for kommunaltekniske anlegg, eigedomsavdeling, planavdeling, utbyggingsavdeling, samt brann og beredskap.
Arbeidsoppgåver
• Hovudarbeidsområde er drift og vedlikehald av kommunens grøntareal (for plenklipping er det krav om at du må vere fylt 16 år).
• Målingsarbeid
• Rydding, etc.
Krav til søkar
Evne til å jobbe godt i team
Like å vere i aktivitet


KULTURAVDELINGA
Her treng vi ferievikar til sommarkafé på kulturhuset gjennom heile sommaren.
Arbeidstida er frå 10.30 -15.15 måndag -laurdag. Du kan velje periodane; veke 26-27 (med start laurdag 22. juni), veke 28-29 og 30-31 (med siste arbeidsdag laurdag 3. august).

 

JOBBAR I DET LOKALE NÆRINGSLIVET:

TESS, veke 26-27. Arbeidsoppgåver: hjelpe til med vask av utvendig fasade, vareplassering, pakking og merking av varer.

Del på:

Referansenummer:

24/837

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.05.2024

Arbeidsstad:

Aukra kommune

Kontaktpersonar:

Marit Lunde Sandøy

mob: +47 90642015

Adresse:

Nyjordvegen 12 6480 Aukra

Kart: