Aukra kommune Bergetippen Barnehage

Vi søker talentfull kokk i 100% stilling

Kokk

Bergetippen barnehage i Julsundet søker talentfull kokk i 100 % fast stilling.
Vi er ein matpakkefri barnehage og kokken lagar frukost og lunsj til ca. 100 barn og tilsette kvar dag. All mat som vert servert skal vere i tråd med Helsedirektoratet sine retningsliner for mat og måltid i barnehagen. Maten skal i størst mogleg grad lagast frå grunnen. Vi vil ha ein kokk som prioriterer god kvalitet på maten. Alle barna våre skal ha eit tilbod om næringsrik mat som eit viktig bidrag til å utvikle sunne matvanar for god utvikling i leik og læring.

Arbeidstid:
7,5 t pr. dag i tida mellom kl.0700-1630.

Arbeidsoppgåver:
• Utarbeide kost og menyplan
• Innkjøp, bestilling og varemottak
• Budsjettkontroll
• Bake grove heimebaka brød
• Internkontroll på kjøkken, IK-mat, handtere avvik, foreta risikovurdering, utarbeide HMS-plan for kjøkken
• I samarbeid med tilsette på avdelingane arbeide for å redusere matsvinn


Krav til søkar

  • fagbrev kokk
  • strukturert og fleksibel
  • gode evner til kommunikasjon og samarbeid med avdelingspersonalet og samtidig kunne arbeide sjølvstendig
  • tilpasse meny til ulike allergener og religion
  • bruk av digitale verktøy
  • Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker oss.

Språk
Må kunne å kommunisere godt på norsk med barn, kollegaer og andre aktuelle samarbeidsaktørar.

Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale vilkår for tilsetting og løn etter tariff.

Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning kan vere aktuelt.

Politiattest
Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.


Søknadsfrist : 27.05.2024

Kontaktperson
Styrar Synnøve Karin Rishaug, mobil 90571168 synnove.rishaug@aukra.kommune.no

Del på:

Referansenummer:

24/852

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.05.2024

Tiltreding:

01.08.24

Arbeidsstad:

Bergetippen barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vollskaret 4 6409 Molde

Kart: