Barnebo barnehage treng tilkallingsvikarar
Tilkallingsvikar
Er du nysgjerrig på arbeid i barnehage og lurer på om det kan bli ein karriereveg? Da skal du prøve deg som tilkallingsvikar!
Barnehagen tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Tilkallingsvikar skal møte ved fråver når faste tilsette er vekke, i kortare eller lengre vikariat. Det kan vere tilkalling same dag eller ved meir planlagt fråver.
Tilkallingsvikar deltek aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med pedagogisk leiar og det øvrige personalet på avdelinga. Dette inneber å ivareta barna sine behov for omsorg og leik og å fremje læring og danning med utgangspunkt i det enkelte barnet og barnegruppa.
Krav til søkar
- Tillkallingsvikar må vere fleksibel og tole eit aktivt og fysisk arbeid ute og inne i barnehagen
- Delta i leik, aktivitetar og læringssituasjonar saman med barna
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, som god relasjonskompetanse, i møte med barn og foreldre
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
- Må beherske godt norsk munnleg språk, ha gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med kollegaer og foreldre
Vi tilbyr
Stort og godt fagmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kontaktperson
Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459.
Sissel.garseth@aukra.kommune.no
Del på:
Referansenummer:
24/1582
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.02.25
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Barnebo barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.aukra.kommune,noAdresse:
Nyjordvegen 12 6480 Aukra