Aukra kommune Institusjonstenester

Helse og omsorg søker

Miljøterapeut natt 100 % fast stilling

Bergtun Bufellesskap yt teneste til 11 bebuarar i bufellesskapet i tillegg til avlastning for barn og unge. Bufellesskapet ligg på Falkhytten, og ein finn alle fasilitetar i gangavstand. Tenesta nyttar alternative turnusordningar med vanleg turnus, langvakter og døgnvakter. Dette gir kontinuitet i drifta, og det er lite turn-over. No har vi ledig stilling som nattevakt, og vi søkjer deg som likar å arbeide i team. 

Aukra kommune ligg 25 minutt frå Molde. Her bur ca 3760 innbyggarar, og det tek ein kort ferjetur på 10 minutt å kome seg til øya. Kultur, aktivitetar og friluftsliv er godt tilrettelagt for ei aktiv fritid. Aukra kommune har satsa på nye barnehagar, skolar, omsorgssenter og kulturhus for sine innbyggarar. Det er ein del tilflytting til kommunen, og dei siste åra har talet på innbyggarar auka.

Bergtun Bufellesskap er organisert under  institusjonsdrift.  Bufellesskapet ligg ikkje langt ifrå Helsesenteret og Aukra Omsorgssenter.  Bufellesskap, institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenestene i pleie og omsorg. 

Kven søkjer vi

Vi søkjer deg som er autorisert vernepleiar eller har anna relevant høgskoleutdanning. Helsefagarbeidarar kan òg bli vurdert for stillinga. Du må like å arbeide i team, og ikkje vere redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova Kap 9,, ha kunnskap om målretta miljøarbeid, vere fleksibel og løysingsorientert. Du må ha evne til å planlegge arbeidet på ein strukturert måte. Andre eigenskapar du bør ha;

  • god kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon
  • god evne til å rettleie 
  • interesse for faget
  • sjå nytten av teknologi i tenesta
  • digital kompetanse
  • beherske norsk skriftleg og munnleg
  • personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

Ein arbeidsplass som har motiverte tilsette med interesse for faget

Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utforande arbeidsoppgåver

God opplæring og gode moglegheiter for personelg utvikling 

Løn etter HTA 

Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Stønad til vidare- og etterutdanning via kommunen sitt utdanningsfond og i tråd med kompetanseplana

 

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/476

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

14.05.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Bergtun Bufellesskap

Adresse:

Falkhytten 6480 Aukra

Kart: