Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole

Ledige stillingar som lærarvikar på Gossen barne- og ungdomsskole

2 lærarvikarar og fleire tilkallingsvikarar for skoleåret 2025/26

For skoleåret 2025 -26 søker vi to vikarlærarar og fleire tilkallingsvikarar. Det kan og bli mogleg med fast stilling som lærarvikar

Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytta til undervisning.

For lærarvikariata er det ønskeleg med kompetanse i norsk og spesialpedagogikk.

Krav til søkar

- Formelle krav til stillinga finn du i forskrift til opplæringslova
- Du er god på relasjon, klasseleiing og samarbeid med heimen
- Du er fagleg trygg og har gode samarbeidsevner
- Du er utviklingsorientert og løysingsorientert
- Du har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
- Du brukar nynorsk som målform

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer godt, samarbeidar og er stabil
  • Du er ein tydeleg, varm og trygg klasseleiar
  • Du tar i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane
  • Du er systematisk og strukturert
  • Du har høge ambisjonar for kvar elev
  • Du er positiv, fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.

Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Del på:

Referansenummer:

25/660

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.07.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Gossen barne- og ungdosmsskole

Kontaktpersonar:

Adresse:

Nyjordvegen 25 6480 Aukra

Kart: