
Kokk til Bergetippen barnehage
Kokk i 100% stilling
Vi har ledig stilling for kokk i 100 % fast stilling ved Bergetippen barnehage i Julsundet, Aukra kommune
Er du ein dyktig og engasjert kokk som vil lage sunn og god mat til barna ved Bergetippen barnehage ? Barna våre skal ha tilbod om god og næringsrik mat som er eit viktig bidrag for deira vekst og utvikling.
Vi ser etter deg som:
- Har engasjement for å lage god og sunn mat som bidrag til at barn får gode matopplevingar
- Er positiv og ønsker å samarbeide med tilsette på avdelingane
- Er fleksibel og påliteleg
Arbeidsoppgåver:
- Lage måltid i tråd med gjeldande råd om kost og ernæring
- Planlegge meny
- Sørge for trygg mat og god rutine for internkontroll
- Dagleg reinhald av kjøkkenutstyr og kjøkken
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i kokkefaget
- God kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg
Politiattest
Det vert stilt krav om politiattest før tiltreding.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale vilkår for tilsetting og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå kommunens fond for etter- og vidareutdanning kan vere aktuelt om ønskeleg.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du vert varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Stillinga er ledig frå 16.sep 2025, men anna tidspunkt kan vere aktuelt.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Del på:
Referansenummer:
25/633
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.07.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Bergetippen barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.aukra.kommune.noAdresse:
Vollskaret 4 6409 Molde