
Rektor Aukra kulturskole, 100% stilling vikariat
Rektor kulturskole
Det er ledig 100% stilling, vikariat, som rektor for Aukra kulturskole frå og med 01.12.2025-30.11.2026. I løpet av vikarperioden vil det bli avklart om stillinga kan gjerast fast.
Beskriving av arbeidsstad
Aukra kulturskole har ca. 280 elevplassar og 12 tilsette innan musikk, dans og kunst. Kulturskolen flytta i 2022 inn i nye lokalar i Aukra kulturhus som ligg midt i Aukra sentrum. Undervisninga går føre seg på øya Gossen og på fastlandet ved Julsundet skole og fleirbrukshus. Kulturskolen samarbeider tett med kommunens frivillige kulturliv og kommunen sine øvrige tenestetilbod. Aukra kulturskole er organisert under eining for kultur saman med bibliotek, frivilligsentral, kino, basseng, ungdomsarbeid, kulturformidlar, folkehelsekoordinator, og LOS.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg og administrativ leiing
- Personalleiing i kulturskolen
- Økonomikontroll
- Samarbeid i kultureininga
- Samarbeid med andre kommunale einingar og lokale aktørar
- Samarbeide i Kulturforum om Den kulturelle skolesekken
- Sørge for eit inkluderande og kreativt læringsmiljø for elevane og dei tilsette
- Utvikle og gjennomføre strategiske planer for kulturskolen
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 års relevant høgskuleutdanning
- Erfaring frå kulturskuleleiing og/eller undervisning
- Evne til samarbeid og god kommunikasjon
- Evne til å motivere og inspirere både tilsette og elevar
- Gode IKT-kunnskapar
- Bruke nynorsk som målføre.
Personlege eigenskapar
- Kreativ, engasjert og positiv.
- Evne til samarbeid, kommunikasjon og til å bygge relasjon.
- Evne og vilje til å lytte, motivere og samhandle med alle partar i kulturskolekvardagen
- God teamdeltakar som kan bidra til godt miljø og utvikling av kulturskolen.
- Ha stor arbeidskapasitet, arbeidsglede og gjennomføringskraft.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Strukturert og likar å jobbe både på eiga hand og i samarbeid med andre.
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande leiiarstilling i eit aktivt kulturmiljø
- Moglegheiter til å påvirke og utvikle kulturskolen sine tilbod
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Søknadsfrist 22.09.25
Kontakt
Malin Solberg, Rektor Aukra kulturskole, tlf. 93266609, malin.solberg@aukra.kommune.no
Anne Jorunn Sandøy, Kultursjef, tlf. 95907055, anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no
Del på:
Referansenummer:
25/927
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.09.2025
Tiltreding:
01.12.2025
Arbeidsstad:
Aukra kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.aukra.kommune,noAdresse:
Nyjordvegen 12 6480 Aukra