
Einingsleiar Pleie og omsorg
Einingsleiar
Eining for pleie og omsorg har ansvar for å tilby trygge, omsorgsfulle og fagleg kvalitetssikra tenester til innbyggjarane gjennom heile livet. Eininga omfattar institusjonar, bu- og habiliteringstenester, avlastning, heimebaserte tenester og dagaktivitetar, med fagmiljø som støtter helse, meistring og livskvalitet. Eininga er ein del av sektor for helse og omsorg.
Som einingsleiar vil du ha overordna ansvar for drift, økonomi, fagutvikling og personal, leie fire avdelingsleiarar, og vere ein aktiv del av kommunedirektøren si leiargruppe som møtast månadleg.
Krav til søkar
Aukra kommune søkjer ein einingsleiar med erfaring frå pleie- og omsorgstenester i kommunal sektor, og med engasjement for utvikling av gode og brukarorienterte tenester. Vi ønskjer ein leiar som kan samarbeide på tvers av fagområde, kommuniserer tydeleg både internt og eksternt, og som er ein lagspelar. Du må vere ein målretta og strategisk leiar som arbeider til det beste for brukarane, organisasjonen og lokalsamfunnet. Relevant høgare utdanning og leiarerfaring er ønskeleg.
Personlege eigenskapar:
Du er løysingsfokusert, fleksibel og utviklingsorientert
Du har evne til å inspirere og motivere medarbeidarane, og til å skape eit godt arbeidsmiljø
Du er strukturert og kan planlegge i tråd med kommunen sine overordna planer
Du er handlekraftig og har gjennomføringskraft
Du kommuniserer godt internt og eksternt, og er opptatt av å bygge gode relasjonar
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter
Vi tilbyr
- Deltaking i ei engasjert og aktiv tverrfagleg leiargruppe
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår med løn etter avtale
- Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Mangfald
Aukra kommune fremjar mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Vi legg til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månadar. Ved lengre fråvær kan utvida prøvetid vere aktuelt.
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Søknadsfrist: 24.11.25 Utlyst dato: 22.10.25
Kontaktperson
Kommunalsjef for helse og omsorg Silje Liepelt, tlf. 918 222 50
Del på:
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.11.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Aukra kommune