Vikariat for fastlege i 100% stilling
Legevikar
Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling for fastlege. Stillinga har ei varigheit ut august 2026. Det kan vere moglegheit for forlenging. Vi søker etter ALIS eller spesialist i allmennmedisin.
Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar, to ALIS og ein spesialist i allmennmedisin. Det er 1 LIS1 ved kontoret og dessutan 4,6 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell. Kontoret betener ca. 2600 fastlegepasientar.
I tillegg til kurativ legeverksemd blir det drive førebyggjande helsearbeid, smittevern, helsestasjon og skolehelseteneste, oppgåver innan heimebasert omsorg og sjukeheim med palliativt rom. Klinikken er svært godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, EKG, 24 t BT apparat, spirometer, *tympanometer, audiometer, ultralydapparat, *ano/*rektoskop, velutrusta skiftestove, laboratorium med god kvalitetskontroll og vaksinasjonsklinikk. Journalsystemet som blir brukt er Pasientsky.
Aukra kommune er ein del av Molde interkommunale legevakt, men har sjølv ansvaret for daglegevakt for Aukra kommune på kvardagar kl.08.00 - 16.00.
Arbeidsoppgåver
- Kurativ virksomhet
- Deltaking i interkommunal legevakt
- Helsestasjon/skolehelsetenesta
- Migrasjonshelse
- Oppgåver innan heimebasert omsorg og institusjon
Krav til søkar
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon.
- Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Gode digitale ferdigheiter
Ønskt kompetanse
- Erfaring fra allmennpraksis er en fordel
Personlege eigenskapar
Du er:
- Faglig engasjert og opptatt av god pasientoppfølging.
- Strukturert og selvstendig, med god gjennomføringsevne.
- Gode samarbeidsevner
- Bidrar til et godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Godkjent utdanningsinstitusjon for ALIS
- Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP
- Gruppe- og ulykkesforsikring
- Vilkår elles etter gjeldande avtalar mellom KS og Legeforeningen
Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teken til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Del på:
Referansenummer:
26/139
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
10.02.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Aukra kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.aukra.kommune.noAdresse:
Aukraringen 17 6480 Aukra