Helse og omsorg søkjer medarbeidar
Helsefagarbeidar 100 % fast stilling
Vi ønskjer ny medarbeidar til teamet vårt! Om du har du fagbrev oppfordrar vi deg til å søkje stilling som helsefagarbeidar hos oss.
Om eininga/avdelinga
Heimetenestene i Aukra ønskjer seg ny medarbeidar, som kan vere med på å omstille og vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande, og vi satsar på å legge til rette for opplæring og fagleg utvikling. Eininga kan tilby alternative turnusordningar med langvakter til dei som måtte ønskje det. Heimetenestene leverer tenester både på øy og fastland, og basen er lokalisert i Aukra Omsorgssenter.
Om du har fagbrev som helsefagarbeidar og er motivert til å vere leverandør av gode tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig og løysningsorientert. Har du interesse for velferdsteknologi og digitalisering vil det vere ein fordel, då dette er ein del av kvardagen. Utover dette forventar vi at du tåler omstilling, tek varierte oppgåver, tek på deg oppgåve som rettleiar til lærlingar og nytilsette, og tek initiativ når nye arbeidsoppgåver og funksjonar skal fordelast mellom medarbeidarane.
Kvalifikasjonar;
Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Autorisasjon
God på observasjon, kartlegging og relasjonsbygging
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga
Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs og opplæring
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør jfr. kommunen si kompetanseplan
Vi tilbyr
Alternativ arbeidstidsordningar
Godt arbeidsmiljø
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Del på:
Referansenummer:
26/343
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
09.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Heimesjukepleie
Heimeside:
http://www.aukra.kommune.noAdresse:
Omsorgssenteret 6480 Aukra