Aukra kommune Bergetippen Barnehage

Vi har no ledig 2 stillingar for pedagogisk leiar

Pedagogisk leiar

Bergetippen barnehage har ledig to faste stillingar som pedagogisk leiar. Det kan vere aktuelt at søkjar får funksjon som barnehagelærar om dette er ønskjeleg.

For å innfri nasjonal barnehagestrategi mot 2030 – Barnehagen for en ny tid, er målet at barnehagelærarar utgjer minst 60 % av bemanninga. Vi har auka grunnbemanning.

Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 15 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har frå hausten av sju avdelingar.

Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.

I barnehagen vår let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.

Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.

 

Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar:

Pedagogisk leiar er ansvarleg for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det daglege pedagogiske innhaldet i høve enkeltbarn og barnegruppe.

Pedagogisk leiar har fagleg ansvar for arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø, omsorg for det enkelte barnet, for utviklinga av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa.

I samarbeid med styrar og det pedagogiske leiarteamet vil pedagogisk leiar ha oppgåver som bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenester.

Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø for barn.

Godt samarbeid med foreldre / føresette.

Rettleiingsoppgåve for personalet på avdelinga for fagleg utvikling.

Krav til søkar

Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Språk

Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg. Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 27. Krav om norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilbod om fagleg rettleiing for nyutdanna
  • Kommunale vilkår for tilsetting og løn etter tariff
  • Tillegg for funksjon som pedagogisk leiar er for tida kr 39 000
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til nedbetaling studielån om ein er busett i Aukra kommune
  • Høve til å søke støtte til vidareutdanning frå utdanningsfond

 

Oppstart

Etter nærare avtale og seinast 15. august 

Særskilte krav

Det er krav om politiattest før tiltreding. 

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader. 

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.

Søknadsfrist: 02.04.2026

Kontaktperson

Ved spørsmål ta kontakt med styrar Synnøve Rishaug, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no

Del på:

Referansenummer:

26/374

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.04.2026

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Bergetippen barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vollskaret 4 6409 Molde

Kart: