Ledig 100% stilling på natt som sjukepleiar
Sjukepleiar -natt
Vi i Aukra søkjer deg som er sjukepleiar, som trivs med nattarbeid og som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast nattevakt i 100% stilling.
Vi investerer i våre tilsette, og legg derfor til rette for vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen for eininga.
Om oss
Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Det er ein fin reiseveg til ferja, uansett om du bur i Molde eller Hustadvika.
Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av:
- Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling.
- 20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenesta
- Base for heimebaserte tenester
- Legevaktsatellitt
- Dagsenter
- Administrasjon
- Kjøkken/kantine
- Frisør og neglesalong
- Lokale som blir nytta av ergo/fysio.
Om stillinga
Ledig 100% fast stilling på natt som sjukepleiar. Vi tilrettelegg for vidareutdanning, og har ei rekke andre godar vi ønskjer å tilby deg som nattevakt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein person som:
- Spreier arbeidsglede
- Er raus med kollegaene sine
- Er engasjert og fagleg dyktig
- Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Har godkjend bachelor i sjukepleie
- Det er ønskjeleg med erfaring frå eldreomsorga
- Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen
Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar gjennom natta
- Handtering og vurdering av akutte situasjonar
- Administrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutiner
- Samarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov.
- Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt, i samråd med Molde interkommunale legevakt
- Ivaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleik
- Rettleiing og samarbeid med kollegaer og anna pleiepersonell
- Sikre god kommunikasjon og rapportering mellom vaktskifta
- Arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjer
- Delta i kvalitetsarbeid og bidra til fagleg utvikling på arbeidsplassen
Vi tilbyr
- Vi har eit framforhandla tillegg på 22 500 kr/år for sjukepleiarar som går natt
- Aukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år
- 100 % stilling utgjer om lag 130 000 kr i året i nattevaktstillegg
- 8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdag
- Tilrettelegging for vidareutdanning i tråd med kommunen si kompetanseplan
- Eit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø, der ein er fire nattevakter saman kvar nattevakt
- Ein arbeidsplass som ønskjer å leggje til rette for deg når det trengst
- Ein draumeturnus kor vi kan legge til rette for lengre friperiodar
- Løn etter tariff
- Aukra kommune har heiltidskultur, men vi er åpen for redusert stilling om du ønskjer det
- Dekt legevaktskurs og kurs i vald- og overgrepshandtering
Oppstart
Etter avtale
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dagar
Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søk på jobben
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Søk seinast onsdag 3. juni
Del på:
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
03.06.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Aukra kommune, omsorgssenteret
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.aukra.kommune.noAdresse:
Aukraringen 14 6480 Aukra